På fredagstreninga var oppmøtet passelig: Jon, Aleksander, Aksel og Harald spela saman med eing gjeng som har treningstid 10-11, noko som resulterte i full bane med handballmål, og 7-8 på kvart lag. Vår alles kjære Magneo stilte derimot ikkje, til stor skuffelse for resten av laget, ettersom han har vore primus motor til turneringane. Rykter skal ha det til at han prioriterte sin biologiske familie og ikkje sine brødre i Teori i praksis. Men Magne skal få ein ny sjanse på tysdag, som alle reknar med han kjem til å ta godt vare på.
Forøvrig var treninga prega av å vere Aleksander si siste før han skal på treningsleir til Sør-Amerika (samt gjere litt feltarbeid til historie-masteren på si). Det seiast at han kjem tilbake endå meir målkåt, og med ein kondis som nok skal ta futsalmiljøet med storm i komande turneringar. Etter å ha satt sitt (foreløpig!) siste mål i nettet (krysset på eit bandy-mål!), bar det rett ut på sidelinja for å tøye, så det er tydelig at denne mannen lever og åndar for den edle kunst å sette filtkula i mellom stengene. God tur, Aleksander! Me ser fram til fleire mål når sommaren nærmar seg....
Monday, February 26, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
Jeg kom, men hvor var alle andre?? Bortsett fra deg da H.
Post a Comment