Saturday, March 17, 2007
Oppmøte på trening
....eller mangel på sådan....
Det er rett og slett skuffande lite folk på trening for tida. Skal TIP futsal ha nokon sjans til å nå sine målsetjingar i turneringar
framover er det rett og slett nødvendig med ein større innsats for laget.
Sist trening var det heile 1 spelar frå TiP som møtte opp, men heldigvis
var det 6 stk frå andre lag der, så denne spelaren iallfall fekk forsvare
TiP si ære. Noko han sjølvsagd gjorde til fulle.
Dårlig oppmøte er ein ting, viss det berre var ein god grunn for det.
Det som imidlertid har komme fram dei siste dagane er at to av lagets
mest sentrale spelarar, inkludert den spelande trenaren(!), vart observert ute på byen i heller fuktige omgjevnader. Det har lykkast
web-redaksjonen å få tak i to bilete frå den kulerte pressa som kan bekrefte
at hemningane har lege lågt kvelden før fredagstreninga. Eit oppvaskmøte
er nok uungååeleg. Spørsmålet er om moralen på laget har fått seg ein varig
knekk, eller om den kan ta seg opp igjen fram mot turneringa i Ekeberghallen
i palmehelga. Den som stiller opp får sjå....
Spelarar observert i full fart kvelden før trening
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment