Thursday, March 15, 2007

Produsentmøter i Tyskland

Her kjem ein aldri så liten rapport frå min tur til Berlin 12.-13. mars.

Turen var arrangert først og fremst for å skape eit kontaktnett i Tyskland, landet med mange av verdens største leverandørar av fotballutstyr. Konkret var eg i kontakt med Adidas og Reusch sine toppleiingar. Dei hadde i spaning fylgd laget vårt, og agentar hadde tydeligvis vore svært imponerte over innsatsnivået på treningar i Blindernhallen. Dei trengte litt meir tid på seg, men det verka på alle måtar som om pengesekken ikkje var snørt for hardt igjen og at dei snart ville komme med eit initiativ for å knytte oss til seg. Av aktuelle effektar som ville inngå i ei pakke kan det tenkast at futsal-ball, keeperhanskar samt drakter kan komme godt med. Underteikna har sjølv testa ut litt forskjellige keeperhanskar i tyskland, og vil i utgangspunktet tilrå begge merke og gje dei gode skussmål. Viss avtalar med desse produsentane skulle falle i fisk kan det jo likevel tenkast at me kan vurdere produkt av desse, utan at dette skal sjåast på som reklame av noko slag.

Som eit lite PS vil eg berre nemne at eg også fekk tid til litt sightseeing (4 timars gratis guiding) rundt dei mange historiske stadene sentralt i Berlin, samt ein akkustisk konsert med Dave Matthews på måndagskvelden. Flaks skal ein ha ;-)

-Berlinkontakten

No comments: